Ekstremvêret «Ingunn» i Ålesund


Onsdag 31. januar treff ekstremvêret «Ingunn» kysten vår. Ålesund kommune er føre-var og ber innbyggjarane om å ta alle forholdsreglar.

Det er venta lokalt ekstreme vindkast som kan gi store materielle skadar og det er fare for liv og helse. Ålesund kommune tar derfor føre-var-beslutning heller enn å ta unødvendige sjansar, og set inn følgande tiltak:

Det blir ikkje undervisning i barne- og ungdomsskolene i Ålesund onsdag. Skolane og SFO kjem likevel til å vere opne for opphald heile dagen. Barnehagane er opne som normalt. Ein kan ikkje rekne med skoleskyss på onsdag, og føresette må eventuelt sørge for forsvarleg transport av borna til og frå skolen.

Kommunalt drivne fritidsaktivitetar vert avlyst onsdag, og kommunale bygg vert ikkje tilgjengeleg for fritidsaktivitetar i regi av andre. Dette gjeld også kulturskulen. Ålesund kommune oppmodar om at fritidsaktivitetar i regi av idrettslag mv. avlysast onsdag. Administrativt tilsette i Ålesund kommune vert oppmoda til å ha heimekontor onsdag der det ikkje er nødvendig for å halde samfunnskritiske funksjonar operative.

Enkelte av kommunens tenester, for eksempel bibliotek, kan bli stengt på kort varsel.

Innbyggarane må vere foreberedt på mulig reduksjon eller endring i tilbudet innafor dei heimebasert tenestene.

Beredskap

Ålesund kommunes kriseleiing er sett i beredskap og følgjer utviklinga nøye. Ved behov vil det komme ny informasjon. Følg med på kommunen si nettside eller Ålesund kommune på Facebook.
Tilrådingar

Ålesund kommune deler tilrådingane som nasjonale styresmakter gir. Dette er:

Hald dykk inne
Følg råd frå beredskapsmyndigheiter
Om du MÅ køyre, følg råd frå Statens vegvesen og sjekk vegmeldingar (175.no)
Følg med på Varsom.no for oppdateringar om vêrsituasjonen
Følg råd og sjekk status frå transportaktørar
Gjer heimen klar for eit potensielt lengre straumbrot
Behov for beredskap skal vurderast fortløpande av beredskapsaktørar
Vis varsemd ved ferdsel i strandsona og på sjøen
På førehand vurder tiltak for å avgrense skade

Ekstremvêret kan gi følgjande konsekvensar

Det er farleg å vere utandørs, og det er venta uvanleg stor skade på bygningar, infrastruktur, skog og straumnett
Stor fare for innstillingar av flyavgangar, båtar og annan transport
Broer kan stengjast
Takstein og takplater blæs av hus og bygningar
Mange reiser kan få mykje lenger reisetid
Strømforsyningen vil bli betydeleg påverka
Mange vegar kan bli stengt på grunn av tre eller andre objekt i vegbanen
Snøfokk i fjellet gir redusert sikt
Kolonnekjøring og/eller stengde vegar er forventa
Høye bølgjer kan gi skade på infrastruktur og bygningar i strandsona

Her kan du sjå oppdaterte meldingar om frå Meteorlogisk institutt.

Kilder: tekst Ålesund kommune, grafikk Windy & foto @HSEnorway.